Mer fra
Nyheter

Teatersjef Erik Ulfsby og avdelingsleiar Ingrid Weme Nilsen på Det Norske Teatret er blant dei som den seinare tid har stilt spørsmål ved logikken i at kunst- og kulturinstitusjonar framleis skal vere nedstengt. Det er sterkt ønskjeleg at vi nå får sjå ei nyansering i tiltaka frå styresmaktene si side.

Ein fin illustrasjon av dei perspektiva som Erik Ulfsby og Ingrid Weme Nilsen tek opp kan vi bl.a. hente frå litteraturen, her i Agnar Mykle si bok «Lasso rundt fru Luna» frå 1954. Kort oppsummert: Den unge Ask Burlefot vikarierer som styrar og lærar på ein privat handelsskole i Indrepollen ein stad i Nord-Noreg, og han besøker ein dag styrar Dalaker, som er innlagt på eit sjukehus lenger ut i fjorden. Ask får sitt livs sjokk over møtet med dette sjukehuset og korleis dei steller med Dalaker. Særleg blir han fortørna over maten som står på nattbordet hos den stakkars pasienten – ei skive brød der margarinen er smurt tynt på, brødets gråkvite struktur er svært synleg. Det usle, tynne osteflaket ligg skeivt på skiva, det er klaska nedpå utan berekning, utan kjærleik.

Han var fullt og fast overbevist om matens og kjærlighetens enorme betydning for den menneskelige lykke. Han var tyve år, og han visste ikke hvor rett han hadde, og det er forunderlig å tenke på hva som ville hendt i verden, om nasjonen hadde utnevnt ham til øverste leder av det offisielle helsevesen. Meget ville da vært anderledes i Norge.

Det er «forunderleg å tenke på kva som ville hendt i verda» om styresmaktene inkl kulturvesenet hadde for auge dei store og avgjerande perspektiva på det å vere menneske – å møtast, å ta del i store og gjevande opplevingar.

Mykje kunne da ha vore annleis i Noreg.