Mer fra
Nyheter

Fattige land treng akutt investeringar. Verda treng akutt å motverke klimakrise og forskjellar.

I 2015 blei leiarane i verda einige om berekraftsmåla. 17 mål skal avskaffe fattigdom, stoppe klima- og naturkrisa og motarbeide ulikskap. Måla er ambisiøse. Den globale pandemien har i tillegg sett oss kraftig tilbake. Ifølge OECD trengst det rundt 1000 milliardar dollar i investeringar for å ta igjen det tapte. Det er eit enormt behov for private investeringar i fattige land framover.

Norad publiserte i januar ein analyse av norske direkteinvesteringar i utviklingsland, som er «investeringer over landegrenser der investor har til hensikt å etablere en varig økonomisk forbindelse og utøve effektiv innflytelse på en virksomhet i et investeringsobjekt» (SSB).

Enkelt forklart er norske investeringar i fattige land overraskande små. Mellom 2013 og 2018 fekk låginntektsland 0,23 prosent av norske direkteinvesteringar – om lag 3,5 milliardar kroner. Ei mogleg forklaring er at dei verkeleg fattige landa ofte er prega av ustabilitet, krig og konflikt. Men – av dei 1500 milliardar kronene som blei investerte i utlandet, gjekk drygt tre prosent til lågare mellominntektsland.

Det er meir overraskande. Det er fleire velfungerande land som over tid har hatt høg vekst, som Ghana og Nigeria, Kenya og Tanzania. Dette er land der det skjer mykje. Det er nok å nemne at kenyanske M-Pesa dreiv med kontantoverføringar via mobil lenge før Vipps blei lansert i Noreg.

Dei beskjedne norske investeringane blei òg diskuterte på årets Norad-konferanse.

– Her er det store moglegheiter for norsk næringsliv til å lykkast, sa NHO-direktør Ole Erik Almlid.

Kva er det som held igjen?

Å investere i Afrika er ikkje for amatørar. Det er krevjande. Det er komplekse marknader med høg risiko. Det er større usikkerheit om prisar og tilgang på innsatsfaktorar. Statlege rammevilkår er utfordrande, og mange har korrupsjonsutfordringar.

Men for dei som gjer grundig arbeid, kan det opne seg moglegheiter. Høg risiko kan òg gi høg gevinst – for eksempel innanfor fornybar energi.

Klima er ikkje berre den største utfordringa i vår tid, det er òg den største moglegheita. Energibyrået IEA antar at fornybar energi vil stå for over 70 prosent av elektrisitetsproduksjonen i 2040, mot i underkant av 30 no. Her ligg det store investeringsmoglegheiter.

Det låge rentenivået i denne delen av verda gjer det lite lønnsamt å ha pengar på bok. I mange utviklingsland er den potensielle avkastninga stor, om ein finn måtar å handtere risikoen på.

Næringslivet må sjølv ta hovudansvaret og risikoen for eigne investeringar. Men kan norsk bistand vere ei verktøykasse for å utløyse meir privat kapital til gode og grøne investeringar i utviklingsland? Eg meiner det.

Norad jobbar med det som er nødvendig for at det skal vere mogleg å investere. Det kan bety å støtte utdanning og forsking. Utan ei utdanna befolkning er det vanskeleg å sjå for seg investeringar og arbeidsplassar. Den norske bistanden er med på å skape det. Det kan òg bety styrking av institusjonar, som finans, justis, skatt og revisjon. Kjedeleg, ja, men ein fungerande instans bidrar til eit tryggare investeringsklima.

Dette er det indirekte arbeidet – det som skaper grunnlag for investeringar.

Men bistand kan òg bidra direkte, med tiltak som kan avlaste risiko. Så langt har ikkje denne måten å auke private investeringar på gitt så mykje som vi håpte. Men det er vunne mange erfaringar. No gjeld det å utnytte desse til å gjere det betre. Norad undersøker no kva som har verka – og kva som kan verke.

På oppdrag frå regjeringa etablerer vi no ei garantiordning for fornybar energi. Vi støttar delar av garantipremien for investeringar i utviklingsland. I praksis betyr det at norsk bistand gjennom gode partnarar kan utløyse fornybarinvesteringar ved å avlaste risikoen for dei som skal finansiere prosjekt. La meg gi eit eksempel.

Empower New Energy har utvikla fire prosjekt på vegner av fondet Empower Invest, som har henta inn kapital til å investere i små fornybare energiprosjekt i Afrika. Fondet planlegg å hente inn ytterlegare kapital neste runde.

Empower går no inn i fire små solkraftprosjekt med industrielle kundar, alle i Afrika.

Selskapet sjølv tar risikoen. Norad bidrar med opptil 50 prosent av garantipremien – den høge kostnaden på kapital i ein risikabel marknad. Det gjer det enklare for selskapet å skaffe kapital og redusere risiko. I dette tilfellet er investeringa på rundt 5 millionar dollar. Norad bidrar med 200.000 dollar til deler av garantipremien og kapitalinvesteringen. Eit svært beskjedent bidrag frå bistandsbudsjettet kan vere med og utløyse ei investering som er 25 gonger så stor.

Det er dette vi så fint kallar katalytisk bistand, der bistandsmidlane kan mangedoble seg til ei større investering som gir tilgang til energi for fleire menneske – og som kan vere bra for klimaet.